Bønder som smir sin eigen ljå
BJØRN EGIL FLØ

Moderniteten har gjort jordbruket til eit instrument for stat og marknad, men somme bønder vel å gå sin eigen veg.
I DET EG SVINGAR ut frå gardsplassen og ser bonden i bakspegelen stige om bord i traktoren, er det ei setning frå samtala som ikkje slepp taket. «For eg tenkjer ikkje likt med dei», hadde han sagt. Han forklarte at det moderne jordbruket hadde fjerna seg frå jorda. «Det kan knapt kallast jordbruk», meinte han før han la til «snarare er det jordforbruk».

Eg vart ikkje overraska av å høyre ein mjølke- og kornbonde som dreiv tilsynelatande effektivt på indre Østfold hevda at det moderne jordbruket hadde blitt jamt meir forbruk av jord. Eg har høyrt mange bønder uroe seg for utviklinga. Det slit ut bøndene og uttynnar bygdesamfunna og ikkje minst er det øydande på grunnressursen – jorda … molda. Men dei er med på det sjølve, dei driv så effektivt og intensivt dei kan, i von om at det skal gi økonomisk handlingsrom nok til å kunne endre drifta – ja endå livet – når dei berre kjem seg ovanpå. «Men me kjem aldri dit», sa han «dei grev oss berre djupare ned i skiten».
Eg stussa på korleis han nytta me og dei då han snakka og spurte like godt om kva han meinte med at me aldri kjem dit fordi dei grev oss ned. Han meinte den jordbrukspolitiske samtala er dominert av ei sterk forteljing boren fram av ei jordbrukspolitisk elite. Også det har eg høyrt før, eg har høyrt bønder snakke om jordbrukets jarntriangel i mange år no. I 2006 teikna ein Budalsbonde opp ein trekant på benkeplata i verkstaden og skreiv landbruksdepartementet i det eine hjørnet, UMB i det andre og Schweigaards gate i det tredje hjørnet. Ja, for som eg sa; dette var i 2006, like etter at den gamle landbrukshøgskulen på Ås vart universitet og fekk uforståelege akronym og før Landbrukets hus fekk adresse Hollendergata.
Innanfor dette triangelet finst dei, altså dei bonden i bakspegelen nett hadde snakka om. Her finst dei som gjer at han og hans yrkesbrør sekk lengre ned i skiten til hardare dei strevar.
Men kvar kjem eigentleg tenkjemåten åt jordbrukets jarntriangel frå, kva kjenneteiknar og skil den frå tenkjemåten åt denne Østfolds bonden og hans like? Eg trur svaret er; moderniteten.
Tenkjemåten kjem frå tidsånda som kjenneteikna industrialiseringa og moderniseringa av dei vestlege samfunna. Det var då jordbruket gjekk frå å vere moralsk oppbyggjeleg for menneskje til å bli eit middel til å bygge staten.
Då dei franske naturrettsfilosofane definerte det som vart kalla agrarianismen på 1700-talet, meinte dei at bøndene var særskilt gode av natur. Praktisk arbeide med jorda kopla mennesket til naturen og ga oss ei djupare forståing av vår symbiose med den. Nokre britiske filosofar meinte at det fyrst og fremst er dei som i praksis arbeider med jorda som også moralsk sett bør eige den. I Amerika meinte Thomas Jefferson, ein av the founding fathers, at det gryande amerikanske demokratiet måtte tuftast på agrarianismens idear om at det å arbeidet på jordet forma «særskilt verdifulle borgarane» og «sanne republikanarane».

Den agrarianistiske tenkemåten prega dei kulturelle strøymingane i heile den vestlege verda. Under den nasjonalromantiske æraen som vart svært formande her heime sende me nasjonalskaldar og kunstmålarar ut i Bygde-Noreg for å portretterte det norske bondesamfunnet som eit ideal for den nye nasjonen. Den sjølveigande og bufaste bondes dygd og dugleik vart eit mønster for den norske kulturen. Jordbruket vart eit ideal for heile samfunnet.
Det dydsteoretiske og moralfilosofiske innhaldet i agrarianismen var grunnlaget for å gi jordbruket ei så viktig rolle i nasjonsbygginga – politisk like som kulturelt – men samstundes gjorde det også jordbruket om til eit instrument.
Då det moderne Noreg skulle byggast etter mønster av det industrialiserte Europa vart instrumentet på nytt teke i bruk, men no med eit heilt anna innhald. No var ikkje jordbruket viktig fordi det skapte gode menneskjer, men no skulle det sørve industrien med folk og mat. Den modernistiske agrarianismen tok til seg tekjemåtar som prega den industrielle tenkinga. Produktivitet og effektivitet vart målet, like som måleparameteret og økonomane rekna ut at det var inneffektivt å smi sin eigen ljå, anna enn at den skulle kjøpast på marknaden.
Det var eit radikalt skifte. Godt skildra i Inge Krokann sitt langessay «Det store hamskiftet i bondesamfunnet» frå 1942.
Dei moderne tekniske hjepleråd har kila seg inn mellom subjekt og objekt.[…] Mannen ser no meir på reiskapen som arbeider med jorda enn på jorda sjølv (Krokann [1942] 1982, s.116).
Litt seinare gjer han ei analyse som også er typisk for tida og som peikar i retning jordbrukets jarntriangel.
Fagautoritetar – gjennom vetskap, funksjonærar, presse og økonomiske institusjonar – har på mange vis sett av bonden sjølv i hans eige arbeid og skapt ei kjensle av indre ufridom (Krokann [1942] 1982, s.116).
Det var dette han ikkje ville vere med på lenger, østfoldbonden i bakspegelen. Han ville ikkje følge råda åt fagautoritetane. Han gjekk sin eigen veg. Han laga sitt eige fôr og sin eigen gjødsel. Han ville gjere bruket sitt til eit sjølveigande bruk, kvitte seg med gjelda og ikkje investere meir enn det han hadde på bok. Han «subsidierte» gjerne bruket sitt med pengar han tente utanfor bruket, for livskvaliteten sjølveigarskapet gav var verdt det. Men den største gleda var vissa om at han var jordbrukar no og ikkje jordforbrukar. Derfor trassar han råda og smir sin eigen ljå.
Bjørn Egil Flø
Teksta har tidlegare stått på trykk i Bondevennen nr 17, 2025

