Småbruket – ein anakronisme i reiselivets tid
BJØRN EGIL FLØ

Det som skulle bli den nye kombinasjonsnæringa for småbøndene, enda opp med å einast legge ein ny stein til børa åt dei same bøndene. Den politiske satsinga som kan oppsummerast med dåverande landbruksminister Sponheim sitt gjentekne mantra «ta heile gardens ressursar i bruk» innfridde ikkje løfta sine slik mange hadde vona. Derimot førte det til ei heilt ny forståing av kva utmarka er og kva den også skal vere.

Langt nord i landet ligg det ein dal. Den strekkjer seg frå ein fjordbotn i Nord-Troms og sør-austover mot finskegrensa. Langs dalbotnen svingar elva seg kring sjølvskapte sandmeler som har danna grunnlaget for grøderike jordstykke der bufaste folk kunne så sine fyrste vekstar. Lenge grodde det godt her, brukarane på dei små bruka rydda seg jorder på jamt meir tungbrota mark, alt for å bli større, men likevel vart dei aldri store nok.
Tida gjekk ifrå småbruka her, som så mange andre stadar i landet. Det som før hadde halde dei oppe – kombinasjonen – vart vekk. Det sesongbaserte arbeidet i skogen, til liks med arbeidet på havet, forsvann i visjonen om den løfterike industrialiseringa der spesialisering og effektivisering var det rådande mantra for å auke velferda og betre levekåra. Ein dag gjorde ei maskin jobben for 100 mann i skogen og på havet skrapa trålen botnen under det som ein gong var landets viktigaste distriktsnæring. Jordbruket og bøndene var viktige brikker i moderniseringa av landet. Her transformerte bondekannibalismen mange små til få store, alt under dekke av mantraet; færre, men sterkare. Det baserte seg på ideen om at for å styrke økonomien i jordbruket måtte det bli færre bønder, fyrst då kunne kvar av dei som vart att bli større og produsere meir. Slik skulle det moderne jordbruket byggast.
Men gradvis etablerte det seg ei uro. Frå tiåret sist på 1990-talet – på halen av WTO-forhandlingane og det multifunksjonelle landbruket – og framover, grodde uroa hjå jamt fleire som meinte å sjå at dei mange små jordbruksgrendene hadde tapt noko medan me streva etter moderniteten. Fleire av våre tidlegare så blømande småbruksbygder vart prega av vassjuk jord, høymoler og tromsøpalmer som omkransa dei tomme husa med dei blinde vindauga, alt vitna om at småbrukets tid var forbi.
ny politikk
Rundt milleniumsskiftet tok ein ny landbrukspolitikk form, ein politikk som hadde eit uttalt mål om å bygge ein ny kombinasjon for dei små bruka. I spissen for den nye politikken stod venstrestatsråd og nyslått landbruks og matminister Lars Sponheim. På pulten framom han låg det ei landbruksmelding som Kåre Gjønnes hadde fått utforma eit par år før. Sponheim må ha likt det han las i den meldinga. Formuleringa «For å styrke inntektsgrunnlaget for landbruket, mener Regjeringen det er nødvendig at landbruksnæringen sikres muligheter til økt næringsmessig utnyttelse av utmarka», vart sjølve fundamentet åt den nye landbruksministerens gjentekne mantra om å «ta heile gardens ressursar i bruk». Småskala matproduksjon, gardsbaserte reiseliv og opplevingar i utmarka skulle bli ei viktig kjelde for å kompensere for småbrukas manglande moglegheit til å auke volumproduksjonen, slik dei større bruka kunne gjere. Slik skulle sysselsettinga og busetnaden i småbruksgrendene sikrast.

Kring om i heile landet arbeida forskarar, utgreiarar og eit hopetal med lokale prosjektgrupper med å utvikle bygdene i Sponheims bilete. Oppdraget var å legge til rette for å ta natur- så vel som kulturverdiar i bruk på nye måtar, på måtar som kunne gi høgre verdiskaping enn kva den tradisjonelle bruksmåten gjorde. Den sokalla Fjellteksta frå revidert nasjonalbudsjett for 2003 opna for at også nasjonalparkar og verdsarvområde vart gjort til innsatsfaktorar for ny næringsutvikling. I 2005 vart ein ny politikk sett ut i livet. Den fekk namnet Landbruk Pluss og skildrar det som i vegleiaren for alle som jobba med landbruk og bygdeutvikling vart omtala som modernisering og nye strategiar i landbrukspolitikken. Dette skulle gjere det lettare å nytte bygdenes ressursar – som arealressursar og infrastrukturelle ressursar som vegar og bygningar og liknande – på nye og meir kreative måtar.
Denne nye politikken var tufta på eit ønskje om å legge til rette for kreative verksemder over heile landet og med det skape lokalsamfunn som vert opplevt som meir attraktive, særleg for dei unge. Stikkorda var opplevingar, identitet og distingverande symbol. Eller som ho sa, dåverande Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga, då ho presenterte Regjeringa sin handlingsplan for kultur og næring i juni 2007; «Ved å satse på næringsutvikling som også er basert på kultur, opplevelser og fritid så vil dette være med å gi identitet og attraktivitet til et sted. Kultur og opplevelser betyr mye for folk, uansett hvor i landet en bor». Haga hadde også varm støtte frå både Næringsminister Dag Terje Andersen og Kulturminister Trond Giske som båe hadde arbeida saman med Haga om å utforme handlingsplanen.
Den nye distriktspolitikken må forståast som ein del av noko større. Den heng nært saman med det som vert kalla det kulturelle skiftet i samfunnsfaga og då også i bygdesosiologien. Mot slutten på 90-talet kom den før så materielt orienterte distriktspolitiske debatten til å orientere seg meir og meir om sosiale representasjonar. Inspirert av post-moderne teori om det nye forbruket såg stadig fleire ei von i at den symbolkonsumerande middelklasseforbrukaren, med frie yrkjer og meir pengar og ferie enn nokon gong før, skulle legge sin elsk på det rurale. Forskarar og rådgivarar meinte bøndene burde utnytte det dei såg som nisjar i marknaden og starte «fortelje dei gode historiene» og «pakke inn» produkta sine i stadeigne miljøvennlege symbol. Det rurale skulle seljast, rurale tradisjonar, aktivitetar og kultur skulle gjerast om til varer og seljast på den nye marknaden og bønder og bygdefolk skulle lærast til å stimulere forbrukarane sin hunger etter distingverande symbolprodukt.
«Det var ei enorm tru på at reiselivet skulle snu den årelange negative spiralen som me hadde opplevd så lenge», sa ein pensjonert ordførar frå ei fjellkommune i Sør-Noreg med meg for eit par år sidan. Han meinte at det han kalla «reiselivsrusen» gjorde at «me gjekk for langt i å legge til rette for dei som me vona skulle kome, slik gløymde me dei som alt var her».
Liknande tilbakeskodande refleksjonar har eg høyrt frå mange andre. Og svært ofte handlar det om arealbruken i utmarka. Det handlar om at løype- og sti nettet, hytteområde og ulike tilretteleggingstiltak for rekreasjonsbruk av utmarka har blitt viktigare enn å ivareta småbruka og den tradisjonelle beitebruken. Utmarka er ikkje lenger det den var, den er ikkje beitemark og hushaldsforråd for den lokale befolkninga, men ein rekreasjonsarena nytta som ein rekvisitt for å lokke forbipasserande til kortare eller lengre stopp.
utsyn
«Det vert berre vanskelegare og vanskelegare for kvart år som går». Den godt vaksne bonden har funne seg ei skåk å stø seg på, forma er ikkje som den ein gong var. No lyt han stogge opp for å hente att litt pust etter at me hadde gått litt vekk frå dei andre i gruppa for å kome oss opp på ei lita høgde i den elles så flate og delvis skogkledde elvedalsbotnen. Den frodige bygda breier seg vakkert utover elvedalen og kontrasterer fjellsidene som kneisar over bygda. Her ligg småbruka side om side og vitnar om det bonden kallar «dei gode tidene». Han snakkar om 1960 åra og fyrste på -70 åra, «då var det drift på alle bruka her. Det var folk her heile året, ikkje berre to veker på sumaren».
Han romantiserer ikkje fortida – til det er kroppen for tungt merkt av gamalt slit – han skildrar berre det som ein gong var ei levande bygd. Han skildrar ei bygd der dei fleste var knytt i hop på ein annan måte enn kva dei er i dag. Jau da, han har god kontakt med naboane, i alle fall nokre av dei, men likevel er det annleis i dag enn då han etablerte seg her. Heile livet har han kombinert gardsdrifta med arbeid utanfor bruket, «det har vore heilt naudsynt for økonomien», fortel han. Nett det har han til felles med dei fleste kring om på småbruka, både her som elles i landet.
Småbruka er små, sjølv om dei likevel er større enn før. Dei få aktive bøndene som framleis driv har plussa på arealet. Nokre har kjøpt meir mark, men dei fleste har leigd nokre mål etter kvart som grannane har avvikla drifta. Likevel har dei ikkje klart å halde tritt med veksten i bruksstorleik som har følgt strukturutviklinga i jordbruket. Det som ein gong var 10 – 12 bruk i drift er i dag redusert til knappe fire bruk. Mesta like mykje jord er i drift, no som då, men dei få aktive bruka er framleis berre som småbruk å rekne.
slagmark
Den eldre bonden svingar høgrehanda ut framom seg, for liksom å presentere skogsområde som omkransar oss, før han seier; «Det har blitt ei slagmark dette no».
Marka han syner til er Kjellerskogen, eit skogkledd område på knappe seks kvadratkilometer på austsida av vegen innover Reisadalen. Medan slaget han refererer til har stått mellom beitebrukarane her og ei etter kvart jamt større gruppe hundekøyrarar.
Saka har sitt utspring kanskje så mykje som 20 år bak i tid, frå då det gradvis starte vekse fram eit aktivt hundekøyrarmiljø her. I fyrstninga gjekk «sambruken» med beitebrukarane toleleg greitt, men i takt med at det vart fleire hundekøyrarar og aktivitetsnivået auka kom også konfliktane både sterkare og tidare. Bøndene meinte hundekøyringa skremde sauene vekk frå området. Lamma vart skilde frå mordyra, meinte bøndene og hevda det skuldast auka stress som følge av hundekøyringa. Det høge aktivitetsnivået gjorde også sitt til at dyra gjekk lenger opp i den bratte lida og somtid kunne dei gå i fjell.

Kanskje handla det ikkje berre om talet på hundekøyrarar aleine, kanskje handla det like mykje om at sjølve køyringa etter kvart fekk ein anna seriøsitet over seg. Ein av hundekøyrarane fortalte at det etter kvart kom «ein annan type hundekøyrarar til», som han sa. «Før trena me ikkje like mykje for konkurranse, men køyrde meir for rein rekreasjon». Men i dag er hundekøyring i større grad vorte både konkurranse og somtid næring på same tid. Og ikkje minst har hundekøyring auka i popularitet, fleire driv større og med fleire hundar.
I takt med veksten spissa altså konfliktane seg til i den vesle skogen. Samstundes toa kommunen sine hender og «ville ikkje ta i saka», som ein formulerte det. Rett nok utarbeida administrasjonen eit utkast til føreskrift i 2019, men den vart politisk nedstemt i kommunestyret. Med det tok saka steget inn i rettssystemet. Kort sagt stemna to av beitebrukarane i området både Nordreisa hundekjørerlag, som sto bak aktiviteten dei ønska å stoppe, og Nordreisa kommune som altså hadde valt å avstå frå å utforme føreskrift. Saka gjekk fleire rundar i dei lågare rettsinstansane som avviste beitebrukarane sitt søksmål, før det hamna i Høgsterett der saka stod om Nordreisa kommune kunne saksøkast i tvisten om ålmentas rett til ferdsel etter friluftslova. Høgsterett kom fram til at kommunen er ålmentas naturlege representant i slike saker og med det vart beitebrukarane tilkjent retten til å fremje søksmål mot Nordreisa kommune. Etter høgsterett sin dom gjekk partane til rettsmekling for å søke å unngå ny rettssak i lagmannsretten. Det høyrer med til forteljinga her at i mellomtida var Nordreisa hundekjørerlag oppløyst slik at partane no var dei to beitebrukarane på den eine sida og Nordreisa kommune på den andre sida. Under rettsmeklinga vart partane mellom anna samde om at kommunen skulle igangsette arbeidet med å utforme ei lokal føreskrift, samt greie ut moglegheitene for å flytte hundekøyringa til et anna område.
ikkje unik
Den siste delen av hendingsforløpet i avsnittet over hadde enno ikkje utspelt seg då eg stod der saman med bonden og såg utover landskapet. Enno hadde ikkje saka kome til høgsterett og korkje bonden eller nokon av dei andre som var involvert i saka var viss på om den kom til å kome dit heller. Konflika var då på sitt aller sterkaste og beitebrukarane sitt krav hadde blitt avvist i to rettsinstansar allereie. Derfor var også forteljinga som den eldre bonden gav meg ekstra sår. Det var lett å merke at det gjekk innpå han, det var tungt å stå i dette og han var sant å seie ikkje sikker på kor langt han orka å ta saka. «Men det som skjer her», seier han og ser bort på meg «det er på ingen måte unikt». Kanskje var det nett det som gjorde at han fant ork til å stå løpet ut, altså at han såg sin kamp i samband med den kampen fleire av hans yrkesbrør kjempar kring om i heile landet. I alle fall var det slik eg tolka det der og då. Han såg prinsipielt på saka og fant at den ikkje var unik.
Sjølv var eg komen rett frå ei intervjurunde i samband med eit anna forskingsprosjekt der eg hadde møtt beitebrukarar frå fleire delar av landet og over alt ligg liknande saker å vakar i vasskorpa. Derfor følgde eg han i vurderinga om at konflikten i Kjelleskogen ikkje var unik. Rett nok har nett denne konflikten utarta seg, ikkje berre gjennom at den har enda i rettsapparatet, men det har også kome til fysiske konfrontasjonar mellom folk. Så slik sett er den unik på sin måte, men i prinsippet er dette likevel berre nok ei konflikt der dei tradisjonelle utmarksbrukarane opplever å vert fortrengt til fordel for ny bruk og nye brukarar.
Slaget i Kjellerskogen utfordrar ikkje berre den tradisjonelle utmarksbruken, men heile omgrepet utmark og med det spørsmålet om kva utmarka er og kva den skal vere.
utmark
Sjølve ordet utmark skildrar ei mark som ligg utanfor, vanlegvis utanfor gjerde, og den skil seg frå innmarka. Utmarksomgrepet er mesta avhengig av innmarksomgrepet for å ha meining – utan innmark finst ikkje utmarka, då finst berre mark. Nett dette syner kor strekt omgrepet er fest i jordbrukssamfunnet. Oppgjennom heile det gamle jordbrukssamfunnet har utmarka vore skatta som ein viktig fôrressurs for bøndenes buskap, samt som matforråd for hushaldet som har fangsta, jakta, fiska og sanka bær og ville vekstar. For den som set seg ned å les dei gamle lovtekstene våre vil det vere iaugefallande kor stor del som er via bruk og sambruk av ressursane i utmarka. Utmarka har med andre ord spelt ei viktig materiell rolle for oss, og då særleg for jordbruksbefolkninga, oppgjennom heile vår historie.
Oppgjennom heile etterkrigstida og kanskje heilt fram til fyrst på 70-talet var utmarka og utmarksbruken om lag slik den hadde vore i fleirfaldige generasjonar i dei fleste lokalsamfunna våre. Grendenes mange småbønder samarbeida om det meste av arbeidet knytt til utmarksbruken. Vedlikehald av gjerder og sankekve, tilsyn av dyra på beite og ikkje minst sanking. Framleis var det nok bønder i lokalsamfunnet til at arbeidet var overkomeleg, samstundes letta samarbeidet byrda for kvar einskild og knytte folk saman med funksjonelle sosiale band.
Truleg var det dette samarbeidet og til dels også samhaldet, bonden tenkte på då han nemnde på «dei gode tidene» der me stod saman å såg utover bygda. Det var eit samfunn prega av relativt stor symmetri mellom lokalbefolkningas interesser i utmarka. Dei brukte utmarka om lag på same måten alle i hop og difor hadde dei også mykje godt den same forståinga for kva og korleis ting skulle gjerast.
asymmetri og utmarkas ontologi
I dag veit me at alt dette har endra seg. I dag har symmetrien blitt til asymmetri, i dag ser me at det berre er dei langt færraste i grendene som nyttar utmarka til beite. Og går me utom grendesamfunnet og inn til tettstadane og byane der folk flest bur, er det ingen av oss her som driv beitebruk i utmarka, derimot har me heilt andre interesser i denne marka og somme av oss – særleg dei litt yngre og ivrigaste – har også mesta slutte snakke om utmark, men nyttar i staden ord som natur og somtid endatil villmark. Me har ikkje berre ein heilt annan utmarksbruk og med det også eit heilt anna syn på utmarka, men me har også fått heilt andre idear og andre forståingar om kva utmarka er.
Det skjedde med andre ord eit ontologisk skifte for utmarka, for å bruke eit litt djupfilosofisk omgrep. Konsekvensen av alt dette er at me også fekk andre tankar om kva utmarka skal nyttast til og ikkje minst korleis den skal forvaltast. Frå milleniumskiftet og framover vart utmarka noko anna enn kva den var før. Den gjekk frå å vere beitemarka åt dei lokale bøndene og ei kjelde for haustbare spiselege ressursar som sakte vart innvevd i pengeøkonomien, til å bli det eg ovanfor kalle ein rekreasjonsarena nytta som ein rekvisitt for å lokke forbipasserande til kortare eller lengre stopp
Sponheim sitt arbeid og den påfølgande flaumen av forskingsrapportar, utgreiingar og stortingsmeldingar om korleis utmarka kunne nyttast til å skape inntekter og ny giv for dei elles så marginaliserte jordbruksområda, fekk betydning. Kanskje vart ikkje betydninga større enn kva Sponheim sjølv hadde vona, men eg er viss på at det fekk ei anna betydning enn kva hensikta var. For der intensjonen var å legge til rette for ein næringskombinasjon som kunne kompensere for fråfallet av fleirsysleriet som hadde oppretthalde småbruka i generasjonar, vart konsekvensen for svært mange berre nok ein stein til byrden. Men i Kjellerskogen til liks med fleire andre områder kring om i landet kan me sjå at den nye politikken hjelpte lite for småbruka, dei vart uansett einast ei anakronisme i reiselivets tid.
Innlegget har tidlegare stått på trykk i Tidsskriftet Ottar nr 3. 2024

